Marianne arva den vesle ystbua og draumen om å skapa noko på denne staden kunne realiserast. Både Arnstein og Marianne er opptekne av å ta vare på gamle tømmerhus. Det er fleire gamle hus heime på garden som har vore gjennom ei restaurering. Bygningen er eit gamalt våningshus frå Skjåk frå 1800 talet, som er flytta opp frå bygda. Her er det blanda både gamalt og nytt med røffe tømmerveggar attåt kvit panel og gamle møblar frå rundt 1900-talet. På veggane heng svart-kvit bilder frå Skjåk historielag sitt arkiv, frå den gongen det var seterysteri her.
Med elva Tora brusande forbi ligg pensjonatet og kafeen som eit eventyrleg pusterom, berre eit steinkast frå rv 15. På Billingen Seterpensjonat er kultur-, mat – og naturopplevingane mange – og stuttreiste. Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfrihet og tømmerveggar med sjel. Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen, stigen som er ein hyllest til lyrikaren Jan Magnus Bruheim med tavlar som inneheld utdrag frå diktinga hass. Dette kan vere ei filosofisk vandring, der ein kan ta seg tid til å reflektere over dei store og små tinga i livet.
Sengeplasser
Koordinater
Anbefalinger i nærheten
Kryss en steinbru fra siste istid
Gå i dikteren Jan-Magnus Bruheims fotspor
Høyfjellsidyll og lokalmatmekka Nyt Fjell-Norge på sitt absolutt vakreste – fra sykkelsetet!
Flott tur frå Billingen Seterpensjonat
Frå RV. 15 køyrer du setervegen oppover i setergrenda til stien startar ved den øvstee austlege svingen. Vidare opp Torddalen på vestsida av Torda ...
Frå RV. 15 køyrer du setervegen opp til dei øvste setrene på Billingen. Frå her er stien godt merka heile vegen. Ruta går opp mot nordvest og ned ...
Enkel tur frå setergrenda i Botn og opp til Glittervatnet.
Flott tur både vinter og sommar. Lengde: 5,5 kmTidsbruk: 2,5 timeHøgdeforskjell: 548 m
Vis alt på kart
- 1 Turforslag i...
Spørsmål og Svar
Har du spørsmål om dette innholdet. Spør her.
Anmeldelser
Hjelp andre ved å være den første som gir en vurdering.
Bilde fra andre