vanskelig
Avstand 6,4 km
Frå Tyinhølma køyrer du innover anleggsvegen mot Køldedale til bommen. Parker på ein høveleg stad, og ta så beina fatt. Kryss åne frå Morka-Køldedalen ved nordvestenden av Køldedalsvatnet. Gå sørover og start oppstigninga, jamn og hard, i grov ur mellom topp 1751 moh. og snø-/brearm vest for denne, eller du går på snø-/bretunga inntil steinura. Ver då varsam så du ikkje tek til å gli der det er brattast. Etter 2 - 2½ t. gonge er du oppe på ryggen og du ser ned på Køldedalsbreen og utover Tyin. Ryggen som du fylgjer vestover er ein lang snørygg som stig mot fast fjell att. Snøeggen er svært luftig og er ikkje plassen for folk med høgdeskrekk. Bruk gjerne stegjern og isøks viss forholda er vanskelege. Ved enden av snøryggen er det nokre svært vanskelege sva som må passerast, så ver forsiktig. Vel oppe på fjellryggen fylgjer du den lett vidare, men pass på over den korte, men luftige snøeggen rett før den bratte oppstigninga på 50 høgdemeter opp på platået på Køldedalstinden.
Herfrå går det bratt ned, ca. 120-130 høgdemeter, i grov ur, ned på ein rygg, på ca. 1800 moh. (Her er det tungt å gå opp att på tilbaketuren.) Frå nedst i søkket går du over eit parti med ein mørkare bergart som er nesten rein hornblende og brått dukkar det opp tuer med fjellsmelle, raudsildre, fjellsyre, fjellarve, issoleie og musøyra. Ikkje gå ut på snøen mellom Køldedalstinden og Hjelledalstinden hvis du ikkje går i taulag, då det er ein bre med sprekkar heilt inn til berget. Fylg ryggen vidare oppover mot Hjelledalstinden som kneisar høg og mektig mot deg. Den siste bratte ryggen er framkomeleg rett opp. Då må du rekne med noko klyving. Bratt og luftig klyving får du ved å halde heilt ut til høgre. Krabb mellom svære steinblokker i starten og vegvalet gir seg sjølv. I turrver er det fast og grei klyving, men utsett når det er vått. Enklare er det ved foten å gå ut til venstre, langs brekanten, ca. 100 m til du ser eit ”svakt” skar med lysare stein. Fylg dette eit stykke opp og hald snart til høgre på ei hylle med grov stein som går oppover berget nesten ut mot stupet. Du er no omlag halvvegs oppe. Her er det så vidt klyving, medan resten av oppstiginga er enkel. Frå toppen ser ein fint mot Hurrungadn, Morka-Køldedalen, Køldedalen, Falketinden, Hjelledalen, Vettismorki, delar av Utladalen og elles svært mange av tindane i Jotunheimen. Turen attende går etter same rute som oppturen.

Vanskelighetsgrad
vanskelig
SAC skala
Høyeste punkt
1 887 m
Laveste punkt
1 182 m
Beste tiden på året
jan
feb
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
nov
des
Stityper
Vis høydeprofilStart
Koordinater:
DD
61.380050, 8.159680
DMS
61°22'48.2"N 8°09'34.8"E
UTM
32V 455095 6805409
w3w
///ferskenene.avslørte.økningen
Koordinater
DD
61.380050, 8.159680
DMS
61°22'48.2"N 8°09'34.8"E
UTM
32V 455095 6805409
w3w
///ferskenene.avslørte.økningen
Ankomst ved tog, bil, til fots eller sykkel
Vanskelighetsgrad
vanskelig
Avstand
6,4 km
Varighet
7:00 h
Stigning
970 m
Fall
167 m
Høyeste punkt
1 887 m
Laveste punkt
1 182 m
Startpunkt for turen
Statistikk
2D
3D
Kart og stier
- Interessepunkter
- Interessepunkter
Avstand
km
Varighet
: t
Stigning
m
Fall
m
Høyeste punkt
m
Laveste punkt
m
Spørsmål og Svar
Har du spørsmål om dette innholdet. Spør her.
Anmeldelser
Hjelp andre ved å være den første som gir en vurdering.
Bilde fra andre