Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den 2,9 km og parker på ei lomme langs Aursjovegen. Gå over grøftebrua 100 meter før parkering. Da kjem du på stigen som går frå Hull til Veslesetra. Følg stigen, kryss ein skogsveg og gå opp til Veslesetra. Der kan du bruke varmestugu og skrive deg inn i skryteboka i kassa på veggen. Frå Veslesetra følger du stigen mot Aursjotjønn til om lag 100 meter over tregrensa. Her ser du skilt til Ståkåhø mot nordvest. Følg stigen opp til skiltet under Ståkåhø. Stigen går vidare innover i Reinheimen nasjonalpark omlag 1,3 km før den blir utydeleg. Stigen etter skiltet på Ståkåhø er varda eit stykke, men god å gå. Ein ferdselsveg mot Vestlandet gjekk over Ståkåhø: Vollungsbru i Skjåk – Bismo – Harsheim – Veslesetra – Ståkåhømillom – Jøingsdalen – Heggebottflye – Karijordet – Stamåi – Kyrkjefjellet. Vidare gjekk vegen ned langs Føysa til Billingen.
Turn off the Rv15 to Jøingsli at Skamsar bru, 1 km west of Bismo. Turn off the Fv485 to Aursjovegen, 5 km west of Bismo. Follow the gravel road 2,9 km and park along the road. Follow the path and signs to Veslesetra and to Ståkåhø.
Stityper
Vis høydeprofilStart
Merknad
Koordinater
Statistikk
- Interessepunkter
- Interessepunkter
Spørsmål og Svar
Har du spørsmål om dette innholdet. Spør her.
Anmeldelser
Hjelp andre ved å være den første som gir en vurdering.
Bilde fra andre