Parker ved Skjåk Kjøpesenter i Bismo. Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv15 og følg bustadvegen 300 m. Stigstart er skilta her. Stigen går bratt opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen om lag 500 m mot vest til Fjuken. Her renn bekken Fjuken i grunnen med unntak av to veker om våren. Følg stigen og skogsvegen forbi den nedlagde Harsheimlia etter 1,8 km. Torvaldvegen tek av bratt oppover lia mot nord etter 2,4 km. Torvaldvegen er ein 1,2 km tømmerveg for hest som vart bygd i mellomkrigstida på sysselsetting for å få ned tømmer frå lia. Torvaldvegen har ei stigning på 300 høgdemeter. Ved murane etter ei gamal steinbu, kan du finne trekol etter milebrenning for nokre generasjonar sidan. I tregrensa mot fjellet på 970 moh, står ei postkasse med ei bok som du kan skrive deg inn i. Du kan gå vidare til Vikhø eller ned Gamal-Hansvegen til Bismo.
You can park at the west side of Skjåk Shopping center in Bismo. Cross the Rv15 and follow the local road 300 m. The path goes steeply up to a forestry road. Keep the forestry road about 500 m, a path and another forestry road 1,9 km. Turn off to the right and follow the path to the signs at the tree line. Here you will find a mailbox with a book. You can return to Bismo along the Gamal-Hans trail.
Stityper
Vis høydeprofilStart
Merknad
Koordinater
Statistikk
- Interessepunkter
- Interessepunkter
Spørsmål og Svar
Har du spørsmål om dette innholdet. Spør her.
Anmeldelser
Hjelp andre ved å være den første som gir en vurdering.
Bilde fra andre