Køyr 2,2 km frå Rv15 ved Dønfoss og mot Sota. Parker ved oppkøyringa til Uppnose bustadfelt.
Stigen på 2 km startar nokre meter aust for oppkøyringa tilUppnose bustadfelt. Stigen går langs 10 elggroper i nesten rett line mot nord og inn i skogen mot Billingsdalen. Elgfangstanlegget stoppar ved den bratte skrenten nedmot Ottaelva. Elgfangstanlegget har fleire postar som fortel om elgfangst. På sørsida av Ostre ligg 22 groper til. Anlegga på begge sider av Ostri fanga opp mesteparten av all vilttrafikk i bygda før i tida. I dag passerer 70 % av alle elgar dette området. Anlegga har vore i bruk frå år 220 e. Kr. Fangsten må ha vore godt organisert, og har truleg sikra eit overskot av produkt som kunne nyttast i vareutveksling og byttehandel langt utover dei lokale forholda. Gevir, hudar og skinn var eksportert eller bytta mot varer frå sørlegare strok. Naturlege stengsler i kvar ende av anlegget gjorde at dyra ikkje kunne passere der. Eit ledegjerde mellom fangstgropene gjorde at dyra måtte trekke mellom desse og bidra og til eit effektivt fangstsystem.
Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 2,2 km.Park near the bus station. The path starts a few meterseast of the local road to Uppnose. Follow the path tothe north towards Billingsdalen. Here you will see theremains of 10 pits, previously used for catching moose.
Stityper
Vis høydeprofilStart
Merknad
Koordinater
Statistikk
- Interessepunkter
- Interessepunkter
Spørsmål og Svar
Har du spørsmål om dette innholdet. Spør her.
Anmeldelser
Hjelp andre ved å være den første som gir en vurdering.
Bilde fra andre