Flott tur både vinter og sommar.
Lengde: 5,5 km
Tidsbruk: 2,5 time
Høgdeforskjell: 548 m
Køyr Rv15 vestover 34,8 km frå Bismo til Nysetra. Køyr av Rv15 ved Skjåk seter og 600 meter til Øyberg seter og parker.
Stigen startar like vest for Øyberg seter. Gå gjennom skogen med stor fjellfuru. Stigen går langsetter Vulu, innover fjellet og fram til Bergebue – 3,7 km. Stigen går opp forbi bua og svingar mot sør opp mot Veslefjell. Veslefjell er eit raudberg. Her har du utsikt innover Vuludalen og Vuluvatna, og sørover mot Breheimen. Frå Bergebue kan du halde fram på umerka stig på austsida av Vuluvatna og fram til Raudbue ved Grønvatnet. Her kjem du inn på DNT-stig Grotli- Reindalseter og Veltdalshytta. Ta med fiskestong. Det er mange fine fiskevatn innover fjellet.
Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Raudberga er eit olivinberg, som er særs rike på mineral. Raudberga er bygd opp av bergarten peridotitt. Vi kallar dei også olivinberg. Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata, men i Skjåk er det mange av dei. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget.Raudberga har giftige mineraler, og du kan sjå at det er lite som veks her. Områda rundt er typisk svært kalkrike. Her trivst den lille gule blomen Gullmyrklegg. Den krever kalkrik grunn, og er ein av få planter som tåler giftig avrenning frå raudberg. Dei andre plantene på Veslefjell har kraftige fargar.
Turn off the Rv15 to Nysetra at 34 km west of Bismo.Follow the gravel road 600 m and park by Øyberg seter. The path starts just west of Øyberg seter. Follow the path to Vuludalsbu and Veslefjell.
Stityper
Vis høydeprofilStart
Merknad
Koordinater
Statistikk
- Interessepunkter
- Interessepunkter
Spørsmål og Svar
Har du spørsmål om dette innholdet. Spør her.
Anmeldelser
Hjelp andre ved å være den første som gir en vurdering.
Bilde fra andre